Semestre
BLULSU Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid
Barns utvikling, leik og læring 1, Samfunn, religion, livssyn og etikk, Natur, helse og rørsle
Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen ved studentane sin kompetanse i leiing, organisasjonskunnskap og samarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten.
Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.
Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.
Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
-Studenten har kunnskap om:
- organisasjonsteori og barnehagen som organisasjon.
- leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
- relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
- samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale.
-Studenten skal kunne:
- identifisere og reflektere over korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid i barnehagen.
- ta i bruk og vurdere metodar og verkty, også digitale verkty, i arbeid med utviklings- og læringsprosessar.
- reflektere kritisk over eigen praksis som leiar og barnehagen sin praksis i arbeid med utvikling av barnehagelærarrolla og profesjonsetikk.
- leie pedagogisk arbeid og ta avgjerder som fører til utvikling av barnehagen.
- vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid.
- vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og i samarbeid med barn, føresette og personale.
-Studenten:
har innsikt i korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid.
har medvit om eiga rolle som leiar og yrkesutøvar og har kompetanse til å ta ansvar for eiga profesjonsutvikling, samt vilje til å støtte fram utviklinga av medarbeidarane sin kompetanse.
kan gjere profesjonsetiske vurderingar knytt til ansvar, makt, respekt og toleranse.
kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiingshandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
Arbeidsmåtane er førelesingar, rettleiing, arbeid både individuelt og i gruppe og gjennomføring av eit pedagogisk utviklingsarbeid.
Det er 20 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot betre kvalitet for barna. Det betyr at studenten i gruppe eller individuelt skal planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen. Erfaringane skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.
- Obligatorisk frammøte til undervisinga i samsvar medr gjeldande reglar.
- Godkjent arbeidskrav 1: Plan for utviklingsarbeid i praksis – individuelt eller i gruppe.
- Godkjent arbeidskrav 2: Obligatorisk rettleiing på manus til arbeidskrav 3.
-Godkjent arbeidskrav 3: Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden. Tematikk: Eg som leiar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Barnehagelærar - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Del 1: «Eg som leiar»: Presenter eit innlegg som handlar om utviklinga av din leiaridentitet. Del 2: Trekk eit fagleg tema og reflekter over dette i lys av eigen leiarutvikling gjennom barnehagelærarutdanninga. |