Semestre

BLUPRA3-D Praksis 3. årssteg, 40 dagar

Emnekode: 
BLUPRA3-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar
BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Om emnet

Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår barnehagelærarutdanning deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i 3. studieår. Desse er: Språk, tekst og matematikk (BLUSTM-D) og Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (BLULSU-D). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til å bli barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområde i 3. studieår, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleidd og vurdert, og bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeid
  • pedagogisk leiing, endringsleiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
  • barnehagen som ein lærande organisasjon
  • samanheng barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten kan

  • ta aktivt del i læringsrike opplevingar med barn og viser evne til å tilrettelegge barns leikemiljø
  • nytte ulike observasjonsmetodar og skrive utfyllande didaktiske planar
  • leie og rettleiie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjersler som fører til utvikling av barnehagen
  • vere sjølvstendig, vise ein tydleg profesjonell identitet, og kunne refelektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistre samarbeid med barn, føresette og personale
  • reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg
  • samle inn empirisk datagrunnlag

 

Generell kompetanse

Studenten 

  • viser at han har relasjonskompetanse og kan sikre medverknad frå personalet 
  • kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
  • kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking for barnehagen
  • kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 3. studieår deltid omfattar 40 dagar, fordelt på tre bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten møte på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Den første prakssibolka skal ha vekt på prosjektarbeid. I den andre praksisbolka skal studentane saman med personalet leie arbeidet med eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid. Tredje praksisbolk ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i forventingssamtalen. 

Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUSTM-D 
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLULSU-D
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk, skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg midtvegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren Stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Godkjent av: 
Arne Myklebust