Semestre

BLUPRA3-D Barnehagelærarutdanning Bachelor praksis 3. år deltid

Emnekode: 
BLUPRA3-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Krav til forkunnskapar

Stått på BLUPRA2-D

Om emnet

Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår barnehagelærarutdanning deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i 3. studieår: Språk, tekst og matematikk (BLUSTM-D) og Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (BLULSU-D).

Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Studentane skal oppleve ei integrert utdanning som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 3. årssteg, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert

.Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 35 dagar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • barnehagen sine fagområder
  • profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing
  • leiing og tilrettelegging av pedagigisk arbeid i barnegruppa
  • samanheng barnehage og skule
  • organisasjonsteori og barnehagen som organisasjon
  • om leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt
  • ta i bruk eigna metodar og verkty i arbeid med utviklings - og læringsprosessar kan leie pedagogisk arbeid og ta avgjersler som fører til utvikling av barnehagen
  • vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid kan vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistrar samarbeid med barn, føresette og personale 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan dokumentere og evaluere barnehagen sitt arbeid med språk, tekst og matematikk og er aktiv i samtida sine barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk
  • skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet.
  • har kunnskap om korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid
  • har medvit om eiga rolle som profesjonell yrkesutøvar og har kompetanse til å ta ansvar for eiga og andre si profesjonsutvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for tredje studieår.I praksis skal studentane arbeide med matematisk og språkleg læringsmiljø. Dei skal i tillegg ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Studentane skal sjå på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn. Studenten skal i tillegg  gjennomføre leiardagar i løpet av praksis.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over profesjonsidentitet.

Tidleg i praksis skal studenten og praksislærar gjennomføre ein forventningsamtale der forventningar mellom partane vert klargjort. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftlege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe.Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.Vi viser til Praksishefte del I og II for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  • Studenten skal planlegge, leie, gjennomføre og vurdere eit prosjektarbeid.
  • Studenten skal samle kunnskapar om samanhengen mellom barnehage og skule.
  • Studenten skal saman med personalet i barnehagen planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Studenten skal planleggje, gjennomføre og evaluere leiardagar

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Elisabeth Welle
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag. Midt i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg midtvegsvurdering. Etter praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren «Stått» i praksis. I tillegg kan ikkje samla fråvær for praksis overstige 10%.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.