Semestre

BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk

Emnekode: 
BLUSRLE
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Problemstillingar knytt til fleirkulturalitet, religion, livssyn og etikk er aktuelle i barnehagen og kunnskapsområdet skal utdanne studentane til å møte desse utfordringane ved å sette i gang individuelle danningsprosessar og danning til barnehagelærarprofesjonen.

Verdiane i formålsparagrafen ligg til for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte den førebyggjande funksjonen barnehagen har i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike kulturar, religionar og livssyn. Verdiane i vår kristne og humanistiske arv, som er forankra i menneskerettane, skal såleis aktualiserast i kunnskapsområdet.

Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på faga samfunnsfag, religion, livssyn og etikk og pedagogikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske fleirkulturelle samfunnet,
  • barnehagen som samfunnsinstitusjon, som aktør i samfunnet og som pedagogisk verksemd,
  • samfunn, barnehage og familie i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv,
  • demokratiet, mangfald, likeverd og likestilling, velferdsstaten og sosial utjamning,
  • dei store verdsreligionane og ulike livssyn med særskilt vekt på kristen tru og tradisjon, filosofi og etisk grunnlagstenking slik det kjem fram gjennom føremålsparagrafen, etisk teori og etisk rettleiing,
  • samane si historie som urfolk og deira kultur og rettar i samfunnet,
  • barn sine dannings-, sosialiserings- og læringsprosessar og deira medverknad i desse,
  • barn sine rettar, internasjonale konvensjonar og lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta og barnehagelærarprofesjonen,
  • barn sine reaksjonar og vaksne sitt ansvar for barn i sorg- og krisesituasjonar,
  • barnehagelærar sitt profesjonelle ansvar,
  • kvalitet i barnehagen.
Ferdigheiter

Studenten kan

  • reflektere over eigne verdiar, haldningar og veremåtar og handle i tråd med rammeplanen og barnehagen sin formålsparagraf,
  • grunngi, formidle og praktisere barnehagen sitt samfunnsmandat,
  • samarbeide med barn og personale med ulik bakgrunn,
  • samarbeide med barn og foreldre gjennom aktiv samhandling / kontakt,
  • samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål,
  • formidle forteljingar frå ulike religionar og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar,
  • legge til rette for barns medverknad og stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis,
  • bruke digitale forteljing som verkty i arbeid med dokumentasjon og refleksjon,
Generell kompetanse

Studenten har

  • tileigna seg eit fagleg- og profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide fleirfagleg i barnehagen,
  • eit ressursorientert perspektiv i samarbeid med barn sine føresette,
  • evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis,
  • tilegna seg digital dømmekraft og kompetanse for bruk i pedagogisk, verksemd saman med barna.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk etter gjeldande reglar. Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, studentstyrde seminar og studieturar.

Vi arrangerer 3 dagars studietur til  det fleirkulturelle distriktet Redbridge i Aust-London. Studentane dekker sjølve kostnadane til turen: Ei konferanseavgift på omlag kr. 2000,- samt reise, overnatting og måltid som ikkje er inkludert i programmet. (Med atterhald om nok påmelde).

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i delar av emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan vise att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren.

Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1 Studenterfaringane frå praksis vert tekne vidare inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet:

1.    Individuell digital historieforteljing etter praksis.

2.    Studentseminar i gruppe. Studentar som har vore på studietur får oppgåver i tilknyting til turen.

3.    Ei individuell, skrifteleg oppgåve (inntil 2500 ord). 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

 Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
80
Emneansvarleg: 
Hilde Muren
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Inntil 2500 ord