Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
Ingen.
Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Problemstillingar knytt til fleirkulturalitet, religion, livssyn og etikk er aktuelle i barnehagen og kunnskapsområdet skal utdanne studentane til å møte desse utfordringane ved å sette i gang individuelle danningsprosessar og danning til barnehagelærarprofesjonen.
Verdiane i formålsparagrafen ligg til for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte den førebyggjande funksjonen barnehagen har i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike kulturar, religionar og livssyn. Verdiane i vår kristne og humanistiske arv, som er forankra i menneskerettane, skal såleis aktualiserast i kunnskapsområdet.
Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på faga samfunnsfag, religion, livssyn og etikk og pedagogikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske fleirkulturelle samfunnet,
- barnehagen som samfunnsinstitusjon, som aktør i samfunnet og som pedagogisk verksemd,
- samfunn, barnehage og familie i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv,
- demokratiet, mangfald, likeverd og likestilling, velferdsstaten og sosial utjamning,
- dei store verdsreligionane og ulike livssyn med særskilt vekt på kristen tru og tradisjon, filosofi og etisk grunnlagstenking slik det kjem fram gjennom føremålsparagrafen, etisk teori og etisk rettleiing,
- samane si historie som urfolk og deira kultur og rettar i samfunnet,
- barn sine dannings-, sosialiserings- og læringsprosessar og deira medverknad i desse,
- barn sine rettar, internasjonale konvensjonar og lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta og barnehagelærarprofesjonen,
- barn sine reaksjonar og vaksne sitt ansvar for barn i sorg- og krisesituasjonar,
- barnehagelærar sitt profesjonelle ansvar,
- kvalitet i barnehagen.
Studenten kan
- reflektere over eigne verdiar, haldningar og veremåtar og handle i tråd med rammeplanen og barnehagen sin formålsparagraf,
- grunngi, formidle og praktisere barnehagen sitt samfunnsmandat,
- samarbeide med barn og personale med ulik bakgrunn,
- samarbeide med barn og foreldre gjennom aktiv samhandling / kontakt,
- samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål,
- formidle forteljingar frå ulike religionar og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar,
- legge til rette for barns medverknad og stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis,
- bruke digitale forteljing som verkty i arbeid med dokumentasjon og refleksjon,
Studenten har
- tileigna seg eit fagleg- og profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide fleirfagleg i barnehagen,
- eit ressursorientert perspektiv i samarbeid med barn sine føresette,
- evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis,
- tilegna seg digital dømmekraft og kompetanse for bruk i pedagogisk, verksemd saman med barna.
Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk etter gjeldande reglar. Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, studentstyrde seminar og studieturar.
Vi arrangerer 3 dagars studietur til det fleirkulturelle distriktet Redbridge i Aust-London. Studentane dekker sjølve kostnadane til turen: Ei konferanseavgift på omlag kr. 2000,- samt reise, overnatting og måltid som ikkje er inkludert i programmet. (Med atterhald om nok påmelde).
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i delar av emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan vise att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren.
Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1 Studenterfaringane frå praksis vert tekne vidare inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.
For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet:
1. Individuell digital historieforteljing etter praksis.
2. Studentseminar i gruppe. Studentar som har vore på studietur får oppgåver i tilknyting til turen.
3. Ei individuell, skrifteleg oppgåve (inntil 2500 ord).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Inntil 2500 ord |