Semestre

BVP155 Psykologiske emne

Emnekode: 
BVP155
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BVP151A Barnevernspedagogens profesjon og yrkesfelt
SAFE151 Strukturelle vilkår for profesjonsutøving
Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane ei brei forståing av menneske si psykologiske, sosiale og fysiske utvikling, og korleis dei samanhengane menneske til ei kvar tid er ein del av påverkar både utvikling og aktuell fungering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har brei kunnskap om sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
  • Har brei kunnskap om barn si utvikling, med særleg forståing for barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • Har brei kunnskap om korleis individet fungerer i grupper og nettverk
  • Har brei kunnskap om omsorgssvikt, overgrep, vald, moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar
  • Har brei kunnskap om samspel og utviklingsstøttande omsorg
  • Har brei kunnskap om rus og moglege problemskapande samanhengar, uttrykk og konsekvensar
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
  • Kan analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
  • Kan reflektere over fagleg kunnskap og skjønn i samband med å rettleie barn, unge, deira familiar og føresette i lærings-, meistrings- endringsprosessar
Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i forhold som medverkar til god eller dårleg fungering
  • Kan leggje til rette for deltaking og utvikling, og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
  • Kan leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
  • Kan reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80% frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Arbeidskrava inkluderer aktiv deltaking på seminar knytt til sentrale tema i emnet. Alle arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Anna Elfrida Hovde Vollsund
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Kandidaten vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023