Semestre
BVP155 Psykologiske emne
Emnet har som mål å gi studentane ei brei forståing av menneske si psykologiske, sosiale og fysiske utvikling, og korleis dei samanhengane menneske til ei kvar tid er ein del av påverkar både utvikling og aktuell fungering.
Innhald:
- utviklingspsykologi
- sosialpsykologi
- fysisk utvikling og helse hos barn og unge
- rusproblem
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har brei kunnskap om sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
- har brei kunnskap om barn si utvikling, med særleg forståing for barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
- har brei kunnskap om korleis individet fungerer i grupper og nettverk
- har brei kunnskap om omsorgssvikt, overgrep, vald, moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar
- har brei kunnskap om samspel og utviklingsstøttande omsorg
- har brei kunnskap om rus og moglege problemskapande samanhengar, uttrykk og konsekvensar
Kandidaten:
- kan bruke fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge, deira familiar og føresette i lærings-, meistrings- endringsprosessar
- kan analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
- kan analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
- kan bruke fagleg kunnskap til å kommunisere og samarbeide føremålstenleg med barn, unge og føresette, og kan samtale med barn om tema som omsorgssvikt, vald og overgrep
Kandidaten:
- har innsikt i forhold som medverkar til god eller dårleg fungering
- kan leggje til rette for deltaking og utvikling, og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
- kan leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
- kan reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.
Arbeidskrav
- Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande).
Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.
Arbeidskravet må vere gjennomført i samsvar med krav og føringar fastsett i semesterplanen.
Arbeidskravet skal skrivast på norsk.
Obligatorisk frammøte:
For undervisingsaktivitetar som gjeld ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitet:
- Deltaking på seminardag med ruskasus.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. |