Semestre
DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk
Ingen
Ny teknologi og samfunnsendringar krev at skulen og barnehagen utviklar seg og at lærarrolla utviklar seg parallelt. Emnet DKL111N har eit særleg fokus på utvikling av din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverket du treng for å halde deg oppdatert. Samfunnet blir meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetanse enn tidlegare. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medier er sentrale tema. Det same er digital didaktikk, korleis vurdere ulike ressursar og verktøy for læring. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har:
- inngående kunnskap om rammeverket for profesjonsfaglig digital kompetanse
- kunnskap om korleis drive utviklingssarbeid gjennom læringsnettverk
- kunnskap om etikk, digital dømmekraft og nettvett
- grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur og skulen i mediesamfunnet
- grunnleggjande kunnskap om korleis legge til rette for læring med digitale ressursar
Kandidaten kan:
- vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse
- etablere og bruke læringsnettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
- vurdere kva innverknad barn og unge sin mediekultur har på læring i og utanfor skulen
- vurdere og reflektere over etiske problemstilingar knytt til læring og skule
- finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid
Kandidaten:
- kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- har forståing for forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessarr
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. Oppgåvene vil gå fram av semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4000,-
- Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |