Semestre

DKL114N Medieproduksjon og samansette tekstar i læring

Emnekode: 
DKL114N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med samansette tekstar og digitale verkty utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Emnet DKL114N har eit særleg fokus på samansette tekstar og medieproduksjon for læring. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev kunnskap om tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til, og tilgjenge av, forskjellig programvare samt kunnskap om ungdomens mediekultur. Vurdering av kvalitet på medieprodukt, bruk av digitale verkty i læring og læringsutbyttet til elevane er også sentralt i emnet. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne. Studentane vil arbeide gjennom og bli utfordra til å produsere, evaluere og ha ei kritisk haldning til medieproduksjon .

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur     
  • er kjent med, og har forståing for, forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
  • har grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessar i tekst, bilete, animasjonar, lyd og film    
  • har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av multimodale tekstar og digitale læringsverkty
  • har oppdatert og utvida sine kunnskapar innan læring og undervisning
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kan ta i bruk kunnskap og relevante resultat frå forskingsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velbegrunna val
  • kan produsere og bruke eit multimedieprodukt for bruk i læringssamanheng
  • kan evaluere og vurdere elevanes multimediaproduksjonar og multimodale tekstar
  • kan reflektere over eigen produksjon av mutimedieprodukt og multimodale tekstar til bruk i læring
  • kan vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis ein lagar multimedieprodukt
  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap til og har erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. Oppgåvene vil gå fram av semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Karin Kolås
Studieavgift

Kr. 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.