Semestre

DR116 Teaterpraksis og samfunn

Emnekode: 
DR116
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
DR111 Inn i dramafaget
DR112 Inn i teateret I: Skodespelarteknikk og barneteater
DR113 Inn i teaterhistoria
DR114 Inn i teateret II: Skodespeltarteknikk og teaterproduksjon
Om emnet

Dette emnet har fokus på drama og teater i eit fagdidaktisk perspektiv og vil vere med å kvalifisere deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule, kulturskule, andre institusjonar og i det frie kulturlivet. Studentane skal vidareutvikle ein kunstpedagogisk kompetanse med tanke på leiing av teaterprosjekt i samfunnet. Studentane skal jobbe med m.a.:

  • Anvendt teater.
  • Teater i undervisning
  • Forum teater.
  • Devising.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om estetiske lærerprosessar, og utvalde interaktive drama- og teaterteknikkar.
  • har kunnskap om forholdet mellom samfunn, eksterne samarbeidspartar og kulturproduksjon.
Ferdigheiter

 Studenten 

  • kan planlegge og gjennomføre eit teaterformidlingsprogram i samfunnet. 
  • kan nytte kunnskap om estetikk og teaterteknikk i utviklinga av teaterformidlingsprogrammet.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er ei blanding av teoretisk og praktisk arbeid og omfattar m.a: seminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, gruppearbeid og rettleiing. Studentene skal i grupper, sjølv finne ei målgruppe på ein høveleg samfunnsinstitusjon, som skule, omsorgsheim, asylmottak e.l.

  • Studenten må også delta på 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Eit godkjent Husteater.

  • Utvikle, gjennomføre og vurdere eit teaterformidlingsprogram for ei konkret målgruppe i samfunnet.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Ingeborg Marie Stige
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen. Tema vert knytt til eit teaterformidlingsprogram. Om lag 3000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad