Semesters
DR116 Teaterpraksis og samfunn
Dette emnet har fokus på drama og teater i eit fagdidaktisk perspektiv og vil vere med å kvalifisere deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule, kulturskule, andre institusjonar og i det frie kulturlivet. Studentane skal vidareutvikle ein kunstpedagogisk kompetanse med tanke på leiing av teaterprosjekt i samfunnet. Studentane skal jobbe med m.a.:
- Anvendt teater.
- Teater i undervisning
- Forum teater.
- Devising.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om estetiske lærerprosessar, og utvalde interaktive drama- og teaterteknikkar.
- har kunnskap om forholdet mellom samfunn, eksterne samarbeidspartar og kulturproduksjon.
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre eit teaterformidlingsprogram i samfunnet.
- kan nytte kunnskap om estetikk og teaterteknikk i utviklinga av teaterformidlingsprogrammet.
Studenten
- kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis.
Undervisninga er ei blanding av teoretisk og praktisk arbeid og omfattar m.a: seminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, gruppearbeid og rettleiing. Studentene skal i grupper, sjølv finne ei målgruppe på ein høveleg samfunnsinstitusjon, som skule, omsorgsheim, asylmottak e.l.
- Studenten må også delta på 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
Eit godkjent Husteater.
Utvikle, gjennomføre og vurdere eit teaterformidlingsprogram for ei konkret målgruppe i samfunnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ei vekes individuell skriftleg heimeeksamen. Tema vert knytt til eit teaterformidlingsprogram. Om lag 3000 ord |