Semestre
DRHS902 Vitskapsteori og etikk
Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.
Emnet i vitenskapsteori og etikk vil gjera synlege etiske problem og dilemma i arbeid med menneske, som er nært knytt til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men slike dilemma er også til stades i forskninga sjølv, og det er viktig å gjera ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusera på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Den strenge vitenskaplege disiplinen som ligg i positivismen, erkjenninga av subjektiviteten hos forskningsobjekta, som ligg i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold som ligg i fornuftskritikken. Emnet vil gjera merksam på kva slags etiske premiss som ligg i vitenskapsteorien sjølv, og at det er desse spenningane som kjem til syne i helse- og sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ein gjennomgang av etisk grunnlagstenkning. Ph.d-kandidatene vil også bli gjort kjent med ein del av lovene og forskriftene som finst på dette området.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal ha
- inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar og om dei etiske utfordringane som ligg implisitt i desse posisjonane
- inngåande kunnskap om sentrale etiske modellar og etiske regelverk for forsking
Kandidaten skal kunna
- utvikla og grunngi etisk forsvarlege val av vitenskapsteoretisk grunnlag for studiar
- analysera det vitskapsteoretiske grunnlaget i gjennomførte prosjekt og kjenna att sentrale etiske problem
Kandidaten skal vera
- i stand til å gjera sjølvstendige eitiske vurderingar i sitt yrkesfelt
- ta stilling til vitskapseoretiske posisjonar
Emnet blir organisert i to samlingar à tre dagar. I første samling blir dei ulike posisjonane presentert, og det blir gitt orientering om ulike forskrifter i forskingsetikken. Det vil også vera naturleg å invitera ein representant for Regional Etisk Komite. I andre samling presenterer deltakarane individuelle oppgåver som drøfter etiske dilemma relatert til eige forsking. Arbeidsformene omfattar førelesingar, heimeoppgåver og diskusjon. Samlingar veke 17 og 22 (2020).
Godkjent framlegg på samling.
Emnet blir evaluert i samsvar med kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Molde.
- Profesjonsutøving - vilkår og utvikling
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | Fagessay |