Semestre
ENG141N Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på morfologi, syntaks og vokabular.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
- engelsk syntaks
- tilhøve mellom form og meining i engelsk grammatikk
- sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelske språket
Etter fullført emne kan studenten:
- identifisere og analysere element på ulike nivå i engelsk språkbruk
- reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Organisering og arbeidsmåtar: Undervisinga skjer i form av nettleksjonar. Desse vil bestå av skriftlege og/eller munnlege leksjonar som vert lagt ut på nettportalen Fronter slik at studentane kan nytte dei når dei sjølv ønskjer det. Undervisinga vil også bestå av oppgåveskriving/arbeidskrav med individuell tilbakemelding.
Studentane kan bli bedt om å delta i samtalegrupper på nettportalen Fronter, dei må difor ha tilgang til datamikrofon og web-kamera.
Kvar student må levere inn to – 2 – øvingar i grammatikk/leksikologi/skriving (heilskapleg ordtal er ikkje relevant), som begge må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieavgoft kr 4000.
Ved desentralisert skriftleg skuleeksamen kr 1500 i eksamensavgift. Alternativt kan studentane velje å ta eksamen ved Høgskulen i Volda utan avgift.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |