Semestre
ENG141N Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular. Studentane lærer å analysere og anvende engelsk språk med hjelp av sentral, grammatisk terminologi.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
- engelsk syntaks
- tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
- sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
- engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Etter fullført emne kan studenten:
- identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
- reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
- bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Etter fullført emne kan studenten:
- skrive god akademisk engelsk
- bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
- bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein til to nettleksjonar i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt oppgåver. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |