Semestre

ENG142N Litteratur, kultur og samfunn etter 1900

Emnekode: 
ENG142N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i moderne engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå britisk og amerikansk område, samt andre delar av verda. Hovudtyngda av emnet vil vere arbeid med dei litterære tekstane og med kunnskap om kulturelle forhold og samtidshistorie frå engelskspråklege land. Ei rekkje litterære sjangrar vil vere representert, og studentane vil også bli introdusert for litterære termar og teknikkar for litterær og kulturell analyse. Dei litterære tekstane vil både bli referert til og brukt for å kaste lys over relevante historiske, sosiale og kulturelle spørsmål.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • aspekt ved historie og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
  • samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar og historiske, sosiale og kulturelle trendar etter 1900 

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og tolke moderne litterære tekstar på engelsk ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • vurdere og tolke signifikansen av politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • finne og nytte pålitelege kjelder
  • skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer i form av nettleksjonar og diskusjonar over nett. Nettleksjonane vil vere ein kombinasjon av munnlege og/eller skriftlege førelesingar, inngåande studie av både primærkjelder og sekundærkjelder, og kortare oppgåver. Alt dette materialet vil bli publisert på Internett, slik at studentane kan nytte dette når dei sjølv ønskjer det. Kurset inneheld også skriving av essays/arbeidskrav med individuell tilbakemelding.Studenten må delta i skriftlege diskusjonsgrupper over nett. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen: eit kort samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord og eit semesteressay på om lag 2000 ord om eit litterært emne. Samfunns- og historiearbeidskravet vil få ei felles vurdering. For det lengre essayet vil kvar student få ei - 1 - tilbakemelding frå faglærar, føresett at studenten leverer essayet innan oppsett frist. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av essayet etter å ha fått tilbakemelding, dersom essayet ikkje vert godkjent. Eit siste arbeidskrav er deltaking i minst ein skriftleg diskusjon over nett.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
4000 ord.