Semestre
ENG142N Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar og tekstar frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten forståing og kunnskap om:
- dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar etter 1900
- sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
- grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
- samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
- korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Ferdigheiter:
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk (i sær nærlesing og samanlikning)
- vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
- nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
- samanlikne og analysere samspelet mellom litterære tekstar, kunst, trendar og hendingar i denne perioden
- skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere, vurdere og framstille informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
- skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
Undervisninga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. I snitt blir det publisert ein ny leksjon kvar veke, som studenten kan studere når dei har høve. Kva leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerar skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt diskusjonsforum. I tillegg skal studenten levere to arbeidskrav innan oppsette tidsfristar.
Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen: eit semesteressay på om lag 2000 ord i eit litterært emne, og eit kortare samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av eit essay etter å ha fått tilbakemelding, dersom det ikkje vert godkjent.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Om eit kultur- og samfunnsemne | ||
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Om eit litterært emne | 4000 ord. |