Semestre

ENG1A-17KFK Engelsk 1A (1-7)

Emnekode: 
ENG1A-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, kunnskap om språklæring og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser og ordforråd, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira
  • Studenten har grunnleggjande kjennskap til stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
  • Studenten har kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern.
  • Studenten har kunnskap om korleis barn lærer språk i eit framandspråk om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • Studenten har kunnskap om begynnaropplæring i engelsk og utfordringar i samband med overgangen frå begynnarstadiet til siste del av barnesteget
  • Studenten har kunnskap om verdien av grunnleggjande ferdigheiter for læring og utvikling, og for prosessar som kan fremje desse i engelskfaget
  • Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
  • Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land, med særleg vekt på situasjonen til barn og unge
  • Studenten kjenner eit utval tekstar for barn og unge 
Ferdigheiter
  • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og vere ein god språkmodell for elevane
  • Studenten kan bruke normer for akademisk tekstproduksjon.
  • Studenten kan leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremjer utvikling av lytting, tale, lesing og skriving og eit gradvis større ordforråd for alle elevar
  • Studenten kan rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis språket er bygt opp, slik at dei kan gjere seg nytte av skilnader og likskapar mellom morsmålet og engelsk
  • Studenten kan nytte fagkunnskap didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
  • Studenten kan analysere og tolke viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land. 
Generell kompetanse
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to samlingar i Volda: ei på tre dagar og ei på to dagar. Det er obligatorisk frammøte til samlingane. Vi oppmodar om at det frå arbeidsgjevar si side vert lagt til rette for at deltakarane får delta på all undervising.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697 

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre arbeidskrav i:

  • didaktikk (1200 - 1500 ord)
  • språk (350-500 ord)
  • kultur (800 - 1000 ord)
  • munnleg ferdigheit

Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk 1 for 1. -7. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 6-timars skriftleg netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk, der pensumkunnskap tel noko meir.