Semestre
ENG1A-17KFK Engelsk 1A (1-7)
Ingen
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, kunnskap om språklæring og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser og ordforråd, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira
- Studenten har grunnleggjande kjennskap til stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
- Studenten har kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk, og personvern
- Studenten har kunnskap om korleis barn lærer språk i eit framandspråksperspektiv, og om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- Studenten har kunnskap om begynnaropplæring i engelsk og utfordringar i samband med overgangen frå begynnarstadiet til siste del av barnesteget
- Studenten har kunnskap om verdien av grunnleggjande ferdigheiter for læring og utvikling, og for prosessar som kan fremje desse i engelskfaget
- Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
- Studenten kjenner nokre trekk ved kulturar i engelsktalande land, med særleg vekt på livssituasjonen til born og unge
- Studenten kjenner eit utval tekstar i ulike sjangrar og medier for born og unge
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og vere ein god språkmodell for elevane
- Studenten kan bruke normer for akademisk tekstproduksjon
- Studenten kan leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremjer utvikling av lytting, tale, lesing og skriving og eit gradvis større ordforråd for alle elevar
- Studenten kan rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis språket er bygt opp, slik at dei kan identifisere og gjere seg nytte av skilnader og likskapar mellom engelsk, morsmålet og andre språk elevane kjenner til.
- Studenten kan nytte fagkunnskap didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
- Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar i ulike medier for born og unge
- Studenten kan analysere og tolke viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- Studenten kan bruke kjelder etisk og kritisk
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to samlingar i Volda (ei på tre dagar og ei på to dagar), og ei vekesamling i York. HVO dekkjer overnatting og kursavgift i York, men reise og kostutgifter blir ikkje dekt av høgskulen. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen). Studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York, kan erstatte denne med eit kompensatorisk arbeid. Vi oppmodar om at det frå arbeidsgjevar si side vert lagt til rette for at deltakarane får delta på all undervising.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697 Studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York, kan erstatte denne med eit kompensatorisk arbeid.
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre arbeidskrav i:
- didaktikk (1200 - 1500 ord)
- språk (ordkrav ikkje relevant)
- kultur (digital munnleg presentasjon med skriftleg oppsummering)
- profesjonsfagleg digital kompetanse
Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Engelsk 1 for 1. -7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 2 dagars skriftleg netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk, der pensumkunnskap tel noko meir. |