Semestre
ENG1B-17KFK Engelsk 1B (1-7)
Ingen
Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
- har grunnleggjande kunnskap om engelsk syntaks med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
- har kjennskap til ulike læremiddel og lærebøker som kan brukast i opplæringa
- har forståing for det læringspotensialet som ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, representerer i barneskulen
- har kunnskap om tilpassa språkopplæring for den aktuelle aldersgruppa
- har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
- har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling
- kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land
- kjenner eit utval litterære tekstar for born og unge i ulike sjangrar
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar. Dette emnet vektlegg særleg munnleg språkbruk og lydsystemet i engelsk
- bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
- kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
- bruke digitale verkty i arbeidet med å fremje språklæring og formidling av fagstoff
- planleggje, rettleie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov, og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
- utøve ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis
- leggje til rette for elevane sitt arbeid med utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land.
- bruke eigen litterære kompetanse til å reflektere over tekstar av ulikt slag
- leggje til rette for elevars arbeid med litterære tekstar.
Studenten kan
- formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. HVO dekkjer overnatting og kursavgift i York, men reise og kostutgifter blir ikkje dekt av høgskulen. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen). Studentar som ikkje er i stand til å delta på samlinga i York, kan erstatte denne med ekstra arbeidskrav.
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte til samlingane. Sjå forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6 . Sjå også merknad over om samlinga i York.
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i språk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur
- Ein munnleg presentasjon
Eitt eller fleire av desse arbeidskrava vil involvere pedagogisk bruk av IKT. Eitt eller fleire vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studentane får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk 1 for 1. -7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa skal innehalde dei tre skriftlege arbeidskrava og eit refleksjonsnotat | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa |