Semestre
ENG1B-17KFK Engelsk 1B (1-7)
Ingen
Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Språk:
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om engelsk syntaks med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
Didaktikk:
- Studenten har kjennskap til ulike læremiddel og lærebøker som kan brukast i opplæringa
- Studenten har forståing for det læringspotensialet som ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, representerer i barneskulen
- Studenten har kunnskap om tilpassa språkopplæring for den aktuelle aldersgruppa
- Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
- Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling
Kultur:
- Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar for born og unge i ulike sjangrar
Språk:
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar. Dette emnet vektlegg særleg munnleg språkbruk og lydsystemet i engelsk
- Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
Didaktikk:
- Studenten kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
- Studenten kan bruke digitale verkty i arbeidet med å fremje språklæring og formidling av fagstoff
- Studenten kan planleggje, rettleie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov, og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
- Studenten kan utøve ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis
Kultur:
- Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land.
- Studenten kan bruke eigen litterære kompetanse til å reflektere over tekstar av ulikt slag
- Studenten kan leggje til rette for elevars arbeid med litterære tekstar.
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. HVO dekkjer overnatting og kursavgift i York, men reise og kostutgifter blir ikkje dekt av høgskulen. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen).
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte til samlingane. Sjå forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i språk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur
Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studentane får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk 1 for 1. -7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava og eit refleksjonsnotat | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa |
Ein individuell munnleg, justerande eksamen.