Semestre

ENG1B-510KFK Engelsk 1B (5-10)

Emnekode: 
ENG1B-510KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og introduserer eit rikt utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet omfattar kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga munnleg språkferdigheit. Studenten får vidare kjennskap til moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå fleire deler av den engelskspråklege verda. Emnet legg vekt på ulike litterære forteljemåtar og litterær analyse. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar, inkludert tverrfagleg arbeid der studenten kan trekke vekslar på eiga undervisningserfaring i andre fag. Deltaking på studium innan Kompetanse for Kvalitet-programmet vil også innebere kunnskapsdeling med kollegaer. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om lydsystem i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk, og grunnleggande fleirspråkleg perspektiv på desse områda
  • har kjennskap til det europeiske rammeverket for språk
  • har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om korleis ein utvikler eige tilrettelagt undervisningsmateriale
  • har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
  • har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæring for barn og unge
  • har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjar språkutvikling
  • vidareutviklar kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda.
  • kjenner eit utval tekstar, inkludert ungdomslitteratur, og har kunnskap om narrative strukturar og forteljemåtar
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kommunisere på engelsk tilpassa ulike mottakargruppe og stilnivå
  • bruke normer for akademisk skriving
  • identifisere lydmessige ulikskapar mellom engelsk og norsk, samt orientere seg om ulikskapar for andre viktige språkgrupper
  • bruke kunnskap om engelske lydsystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
  • bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande fagplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel, samt utvikle noko eige materiale
  • aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk og andre språk
  • bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte i eiga kunnskapsutvikling og i pedagogisk arbeid med elevar
  • gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
  • analysere litterære forteljemåtar og bruke presis terminologi, og kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar
  • leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i ulike engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur  
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytt til elevane si læring og utvikling i engelskfaget
  • nytte kjelder etisk og kritisk 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda.  Det er obligatorisk oppmøte. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte på samlingane. 

Arbeidskrav:

Studenten skal gjennomføre:

  1. Eitt skriftleg og munnleg (lydfiler) arbeidskrav i språk (ordtal ikkje relevant)
  2. Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)
  3. Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)

Eitt eller fleire av arbeidskrava vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. Eitt av arbeidskrava skal innebere bruk av profesjonsfagleg digital kompetanse. Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Siri Vevle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
-
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde bearbeidde utgåver av arbeidskrava i didaktikk og kultur, ein språkdel (inkludert lydfiler), og ein refleksjonstekst som også dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer. Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Om lag 5000 ord, +/- 10%
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Godkjent av: 
Arne Myklebust