Semestre
ENG1B-510KFK Engelsk 1B (5-10)
Ingen
Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og introduserer eit rikt utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet omfattar kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga munnleg språkferdigheit. Studenten får vidare kjennskap til moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda. Emnet legg vekt på ulike litterære forteljemåtar og litterær analyse. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Språk:
Studenten har grunnleggande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk
Didaktikk:
Studenten har kjennskap til det europeiske rammeverket for språk
Studenten har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa
Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
Studenten har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæring for barn og unge
Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjar språkutvikling
Kultur:
Studenten vidareutviklar kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved heile den engelskspråklege verda.
Studenten kjenner eit utval tekstar, inkludert ungdomslitteratur, og har kunnskap om narrative strukturar og forteljemåtar
Språk:
- Studenten kan identifisere lydmessige ulikskapar mellom engelsk og norsk
- Studenten kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
Didaktikk:
- Studenten kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande fagplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
- Studenten kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel
- Studenten kan aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk
- Studenten kan bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte (i eiga kunnskapsutvikling og) i pedagogisk arbeid med elevar
Kultur:
- Studenten kan gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
- Studenten kan analysere litterære forteljemåtar og bruke presis terminologi, og kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar
- Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytt til elevane si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå 'Vilkår for å framstille seg til eksamen').
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte på samlingane.
Arbeidskrav:
Studenten skal produsere:
- Eitt skriftleg arbeidskrav i språk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk
- Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur
Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studiet vert evaluert i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssikringssystem
- Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava og ein refleksjonstekst. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa |