Semestre
ENG200 Sosiolingvistikk
60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller stilsvarande).
Emnet gir studenten ei oversikt over fagområdet engelsk sosiolingvistikk og studiet av engelskspråkleg variasjon. Språk er eit variabelt fenomen, og språkleg variasjon vil i mange tilfeller gjenspegle samfunnet vi lever i. Fokus vil vere på sentrale omgrep som dialekt og standardspråk, klasse- og kjønnsbasert variasjon, språkkontakt og endring.
I samsvar med det nasjonale kvlaifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- dialekt, standardspråk og språkleg variasjon
- kjønn, alder og klasse som språklege variasjonsfaktorar
- lingvistisk variasjon og endring
Etter fullført emne kan studenten:
- gjere greie for sentrale teoriar og omgrep innanfor disiplinen sosiolingvistikk
- diskutere ulike nivå av språkvariasjon- vurdere språkleg variasjon i forhold til faktorar som kjønn, alder og klasse
- analysere språkendringar som resultat av lingvistisk variasjon
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking.
Undervisinga vert gitt i form av forelesingar, diskusjonar og individuell rettleiing. Det vil bli gitt tre timar undervising per veke i 12 veker.
Kvar student skal skrive ei teoribasert utgreiing om eit sentralt omgrep innan sosiolingvistikk (500 ord), eller gje ein kort munnleg presentasjon om eit slikt omgrep (dette vert avgjort av emneansvarleg). Kvar student skal også levere inn eit førsteutkast til den individuelle skriftlege oppgåva (sjå vurdering og eksamen). Tema for oppgåva blir vald i samråd med faglærar, og må godkjennast av denne. Kvar student har rett til eitt individuelt rettleiingsmøte med rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. Begge oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Begge krava må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva. Studenten må oppnå ståkarakter på både oppgåva og munnleg eksamen for å stå på emnet. | Om lag 3000-4000 ord. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen basert på den innleverte oppgåva og pensum. |