Semestre
ENG206 British and American Comedy
60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)
Dette kurset ser på britiske og amerikanske komediar frå ulike periodar og sjangrar. Studenten vil lære korleis ein identifiserer og analyserer verkemidla desse komediane nyttar, for å bli i stand til å kjenne att og evaluere hensiktene dei tener, og for å forstå kva haldningar dei har til menneskenaturen og måtar folk oppfører seg på. Dette inneberer å sjå ekstra nøye på kva amerikanske og britiske komediar kan fortelje oss om det amerikanske og det britiske folket i sær – historia, kulturen, samfunnet og verdsbiletet deira – og om skilnadane mellom dei.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter avslutta kurs skal studenten kjenne til:
- eitt utval av britiske og amerikanske komediar
- komedietradisjonar i Storbritannia og USA
- komedieteori
- rollene komedie spelar i det britiske og det amerikanske samfunnet
Etter avslutta kurs kan studenten:
- analysere komediske verkemiddel i eit utval sjangrar
- analysere tilhøvet mellom spesifikke komediske verkemiddel og spesifikke ideologiske hensikter
- forske på, skrive om og diskutere komedie i tråd med rådande akademiske retningslinjer
Etter avslutta kurs kan studenten
- nytte materiale frå ulike sjangrar og medium til å diskutere britisk og amerikansk kultur
- forske på, vurdere og diskutere britisk og amerikansk kultur I tråd med gjeldande akademiske retningslinjer
Undervisinga går føre seg tre timar i veka i tolv veker av semesteret.
Arbeidskrav:
To arbeidskrav må ferdigstillast innan spesifisert tidsfrist og godkjennast av undervisaren.
I det første arbeidskravet må studenten levere ein analyse på 1000 ord, av ei scene eller eitt avsnitt frå pensum, der studenten syner tilfredsstillande teoretisk refleksjon og metodologisk praksis.
Det andre arbeidskravet består av to deler knytt til semesteroppgåva, som vil utgjere 50% av den endelege karakteren: studenten må først gi ein kort munnleg presentasjon av ideane sine, og deretter levere eit omfattande utkast som undervisaren skal kommentere som eit arbeid i utvikling.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Videofil, på omlag 15-20 minutt. | Gjeld pensum på kurset | ||
Oppgave | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Studenten kan sjølv velje tema for semesteroppgåva i samråd med forelesar på emnet. Det er studentens ansvar å sette saman eit pensum av primær- og sekundærlitteratur for oppgåva. Studentar som er interesserte i undervising har høve til å gi oppgåva eit didaktisk fokus og til å diskutere korleis britisk og/eller amerikansk komedie kan nyttast i skulen. | Semesteroppgåve på 2500-3000 ord (50%) |