Semestre

ENG206 British and American Comedy

Emnekode: 
ENG206
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
British and American Comedy
Emnenavn på bokmål: 
Britisk og amerikansk komedie
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)

Om emnet

Dette kurset ser på britiske og amerikanske komediar frå ulike periodar og sjangrar. Studenten vil lære korleis ein identifiserer og analyserer verkemidla desse komediane nyttar, for å bli i stand til å kjenne att og evaluere hensiktene dei tener, og for å forstå kva haldningar dei har til menneskenaturen og måtar folk oppfører seg på. Dette inneberer å sjå ekstra nøye på kva amerikanske og britiske komediar kan fortelje oss om det amerikanske og det britiske folket i sær – historia, kulturen, samfunnet og verdsbiletet deira – og om skilnadane mellom dei.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter avslutta kurs skal studenten kjenne til:

  • eitt breitt utval av britiske og amerikanske komediar
  • komedietradisjonar i Storbritannia og USA
  • komedieteori
  • rollene komedie spelar i det britiske og det amerikanske samfunnet
Ferdigheiter

Etter avslutta kurs kan studenten:

  • analysere komediske verkemiddel i eit utval sjangrar
  • analysere tilhøvet mellom spesifikke komediske verkemiddel og spesifikke ideologiske hensikter
  • forske på, skrive om og diskutere komedie i tråd med rådande akademiske retningslinjer
Generell kompetanse

Etter avslutta kurs kan studenten

  • nytte materiale frå ulike sjangrar og medium til å diskutere britisk og amerikansk kultur
  • forske på, vurdere og diskutere britisk og amerikansk kultur I tråd med gjeldande akademiske retningslinjer
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga går føre seg fire timar i veka i tolv veker av semesteret. Kva undervisingsveke inneheld ein dobbeltime forelesing ein dag og ein to timars workshop ein annan dag.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

To arbeidskrav må ferdigstillast innan spesifisert tidsfrist og godkjennast av undervisaren.

I det første arbeidskravet må studenten levere ein analyse på 1000 ord, av ei scene eller eitt avsnitt frå pensum, der studenten syner tilfredsstillande teoretisk refleksjon og metodologisk praksis.

Det andre arbeidskravet består av to deler knytt til semesteroppgåva, som vil utgjere 50% av den endelege karakteren: studenten må først gi ein kort munnleg presentasjon av ideane sine, og deretter levere eit omfattande utkast som undervisaren skal kommentere som eit arbeid i utvikling.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Munnleg eksamen gjeld pensum på kurset
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50