Semestre
ENG207 Engelsk ordkunnskap og ordlæring
60 stp.:
ENG141 Grammatikk og leksikologi
ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk
+ minst to av dei følgjande emna -- HUM101, ENG142, ENG144
(eller tilsvarande)
Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, og korleis ord er strukturerte. Emnet ser på desse temaa frå eit hovudsakleg kognitivt perspektiv, det vil særleg bli lagt vekt på korleis informasjon om ord er organisert i minnet, og korleis ordtilfang blir tileigna av både første- og andrespråksbrukarar. I tillegg førebur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har avansert kunnskap om engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding, og relasjonar mellom ord
- Har inngåande kunnskap om historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis dette speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
- Har inngåande kunnskap om morfologisk struktur og mønster i engelske ord
- Har inngåande kunnskap om korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
- Har avansert kunnskap om tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
- Har inngåande kunnskap om korleis ord og informasjon om ord er strukturert og organisert i minnet
- Har kunnskap om forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Studenten
- Kan syne og reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- Kan drøfte korleis form og mønsterdanning i engelske ord speglar dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
- Kan bruke kunnskap frå emnet til å forbedre eiga læring og forståing av ord
Studenten
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
- Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og forskingsretta kompetanse
- Kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
Arbeidskrav:
- halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan leksikologi
- eit førsteutkast (minimum 2000 ord) til eit individuelt essay. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg.
Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord (basert på innlevert førsteutkast) | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ein munnleg eksamen som går på oppgåva og pensum | Den innleverte oppgåva |