Semestre
ENG207 Engelsk ordkunnskap og ordlæring
60 stp.:
ENG141 Grammatikk og leksikologi
ENG143 Fonetikk og variantar av engelsk
+ minst to av dei følgjande emna -- HUM101, ENG142, ENG144
(eller tilsvarande)
Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, og korleis ord er strukturerte. Emnet ser på desse temaa frå eit hovudsakleg kognitivt perspektiv; det vil særleg bli lagt vekt på korleis informasjon om ord er organisert i minnet, og korleis ordtilfang blir tileigna av både første- og andrespråksbrukarar. I tillegg førebur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har avansert kunnskap om engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding, og relasjonar mellom ord
- Har inngåande kunnskap om historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis dette speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
- Har inngåande kunnskap om morfologisk struktur og mønster i engelske ord
- Har inngåande kunnskap om korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
- Har avansert kunnskap om tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
- Har inngåande kunnskap om korleis ord og informasjon om ord er strukturert og organisert i minnet
- Har kunnskap om forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Studenten
- Kan syne og reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
- Kan drøfte korleis form og mønsterdanning i engelske ord speglar dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
- Kan bruke kunnskap frå emnet til å forbedre eiga læring og forståing av ord
Studenten
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
- Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og forskingsretta kompetanse
- Kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan leksikologi
- eit førsteutkast (minimum 2000 ord) til eit individuelt essay. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg.
Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet.
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
- Engelsk - fordjupingsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord (basert på innlevert førsteutkast) | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ein munnleg eksamen som går på oppgåva og pensum | Den innleverte oppgåva |