Semestre
ENG2B-510KFK Engelsk 2B for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Emnet er andre del av Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kunnskap om lydsystemet i engelsk med særskild vekt på lydar i samanhengande tale
har noko kunnskap om ulikskapar mellom britisk og amerikansk uttale
har noko kunnskap om variantar av engelsk
har kunnskap om lytting, tale, lesing og skriving som prosessar
har kunnskap om korleis munnleg og skriftleg språk kan integrerast i inspirerande og meiningsfulle aktivitetar
har kjennskap til gjeldande læreplan for skulen som ramme for faglig utviklingsarbeid
kjenner samfunnsutviklinga i heile den engelskspråklege verda frå romantikken fram til det tjuande hundreåret
kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå romantikken fram til det tjuande hundreåret til både personleg vekst og undervisningsbruk
Studenten kan
bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen uttale, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
skilje mellom britisk og amerikansk uttale og identifisere nokre variantar av engelsk
lese og skrive fonemiske transkripsjonar
gjere elevane medvitne om prosessar knytte til lytting, tale, lesing og skriving og korleis dei kan nytte desse strategisk i si eiga læring
bruke munnlege aktivitetar som utgangspunkt for skriftlege aktivitetar og omvendt
velje ut og legge til rette for arbeid med tekstar frå engelsktalande land for barn og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte
vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og grunngi vurderingane
kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå romantikken fram til det tjuande hundreåret
nyttegjere seg det holistiske perspektivet i eiga undervising
Studenten kan
formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda, eventuelt supplert med ei frivilleg vekessamling i York (sjå studieplanen). Samlingane i Volda har obligatorisk oppmøte.
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg.
Frammøtekrav:
Oppmøte til samlingane er obligatorisk
Arbeidskrav:
Språk (ordtal ikkje relevant)
Didaktikk 1500 ord
Kultur 1500 ord
Eitt eller fleire av desse arbeidskrava vil involvere pedagogisk bruk av IKT. Eitt eller fleire vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. To av arbeidskrava skal vere skriftlege, eitt skal vere munnleg. Oppgåvene skal leverast til oppsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
I tillegg skal studenten gjennom semesteret føre ein logg der ho/han reflekterer over sin praksis i klasserommet med fokus på eiga didaktisk utvikling som lærar. Loggen bør førast minst ein gong i veka, ikkje mindre enn 50 ord per veke: sjå under eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Engelsk 2 for 5-10 årssteg - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava, tre utvalde innlegg frå loggen, og ein refleksjonstekst på omlag 1500 ord | Om lag 5500 ord +/- 10% | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |