Semestre

ENG2B-510KFK Engelsk 2B for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Emnekode: 
ENG2B-510KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Om emnet

Emnet er andre del av Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
 
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om lydsystemet i engelsk med særskild vekt på lydar i samanhengande tale

  • har noko kunnskap om ulikskapar mellom britisk og amerikansk uttale

  • har noko kunnskap om variantar av engelsk

  • har kunnskap om korleis munnleg og skriftleg språk kan integrerast i inspirerande og meiningsfulle aktivitetar

  • har kjennskap til gjeldande læreplan for skulen som ramme for faglig utviklingsarbeid

  • kjenner trekk ved samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda 

  • kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer hovudsakleg frå romantikken fram til det tjuande hundreåret til både personleg vekst og undervisningsbruk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

  • bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen uttale, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
  • skilje mellom britisk og amerikansk uttale og identifisere nokre variantar av engelsk
  • lese og skrive fonemiske transkripsjonar
  • gjere elevane medvitne om prosessar knytte til lytting, tale, lesing og skriving og korleis dei kan nytte desse strategisk i si eiga læring

  • bruke munnlege aktivitetar som utgangspunkt for skriftlege aktivitetar og omvendt

  • velje ut og legge til rette for arbeid med tekstar frå engelsktalande land for barn og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte

  • vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og grunngi vurderingane

  • kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur hovudsakleg frå romantikken fram til det tjuande hundreåret

  • nytte profesjonsfaglege digital kompetanse i eiga engelskundervisning

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

  • bruke kjelder etisk og kritisk

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda. Samlingane i Volda har obligatorisk oppmøte. 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Oppmøte til samlingane er obligatorisk

Arbeidskrav:

  • Språk (ordtal ikkje relevant)

  • Didaktikk 1500 ord

  • Kultur 1500 ord

  • Eitt av arbeidskrava vil involvere pedagogisk bruk av IKT. Eitt eller fleire vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. To av arbeidskrava skal vere skriftlege, eitt skal vere munnleg, og eitt digitalt. Oppgåvene skal leverast til oppsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

  • I tillegg skal studenten gjennom semesteret føre ein logg der ho/han reflekterer over sin praksis i klasserommet med fokus på eiga didaktisk utvikling som lærar. Loggen bør førast minst ein gong i veka, ikkje mindre enn 50 ord per veke: sjå under eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Catherine McCann
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk 2 for 5-10 årssteg - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava i revidert utgåve, tre utvalde innlegg frå loggen, og ein refleksjonstekst på omlag 1500 ord
Om lag 5500 ord +/- 10%
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust