Semestre

FAKH202 Pedagogikk og fagdidaktikk III - bacheloroppgåve

Emnekode: 
FAKH202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

FAKH101, FAKH102, FAKH103, FAKH104, FAKH106, FAKH108, FAKH109, FAKH204, FAKH203, FAKH105/FAKH107, FAKHPRA1 og FAKHPRA2

Om emnet

Emnet er tredje del av fagområdet Pedagogikk og fagdidaktikk. Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis utgjer til saman profesjonsfaget i faglærarutdanninga.

Studenten skal gjennom emnet få øving i å gjennomføre eit sjølvstendig fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan både vere ei fordjuping i eit praktisk og estetisk område med ei pedagogisk og/eller fagdidaktisk forankring, eller eit djupdykk i pedagogiske og/eller fagdidaktiske problemstillingar knytt til verksemda i skulen, der ein praktisk og estetisk kommentar følgjer arbeidet. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne reglar og retningslinjer for vitskaplege arbeid i fagområda.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

- har kjennskap til vitskapsteori og metode, og då med særleg fokus på fagdidaktisk og pedagogisk FOU

- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige problemfelt                                                                                                          

- har kunnskap om utvikling og avgrensing av problemstilling, innhenting og anvendelse av kjeldemateriale, samt presentasjon og vurdering av resultat.

- har kunnskap om elevmangfald, her under fleirkulturalitet og elevar med særskilde behov

- har kunnskap om samarbeid med komande kollegaer, foreldre, samt skulen sine ytre samarbeidspartar.

Ferdigheiter

Studenten:

- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid, kunne avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, skape, presentere og vurdere resultat.

- meistre dei sentrale elementa i akademisk skriving

- kan analysere didaktiske spørsmål knytt til elevmangfald

- kan fange opp og handtere mobbing.

Generell kompetanse

Studenten:

- kan vise eit fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring, og på eit forskingsmessig grunnlag kunne analysere og formidle eit samansett fagstoff

- kan handtere forskingsetiske problemstillingar 

- kan fremje dialog i dei læringsfellesskapa som er ein del av skulen sin røyndom.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vekslar mellom praktisk skapande arbeid, samling av empiri, og skriving av den teoretiske delen av bacheloroppgåva. Ved starten på semesteret blir det halde førelesingar i vitskapsteori, metode og akademisk skriving. I tillegg kjem seminar og minikonferanse der studentane deler bachelor-arbeidet dei har gjort så langt.

Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter i samband med studieturen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

- Munnleg presentasjon i ein minikonferanse av arbeidet studentane har gjort med bacheloroppgåva.

- Munnleg presentasjon innan pedagogisk teori og praksis.

- Obligatorisk rettleiing. 

- Godkjent prosjektskisse.

- Deltaking på eindags studietur i regionen.

 

 

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Linda Marie Viddal
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 300,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde ei praktisk fordjuping/kommentar og ei skriftleg oppgåve. Vektinga mellom praktisk og teoretisk del varierer, avhengig av kva problemstilling studenten arbeider med. Det blir gitt ein førebels karakter på mappa.
Den skriftlege rapporten skal vere på mellom 5000-7000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen er ei utdjuping av det praktiske arbeidet og skriftleg oppgåve. Studenten kan også få spørsmål frå ulike delar av pensum. Munnleg justerande eksamen fastset endeleg karakter.
Godkjent av: 
Aud Folkestad