Semestre
GL1-7KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.
Studiet skal gi studentane relevant kompetanse knytt til treningslære og bevegelseslære. Her vil ein lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisdugleikar om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og rørsle, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil. Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett. I kurset idrett og samfunn vil ein ha fokus på idrettshistorie, idrettssosiologi, sjølvoppfatning og fysisk aktivitet, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper. Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling i aktivitetane orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar, praktisk treningslære, turn og generell koordinasjon.
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring.
Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Stduenten:
- har innsikt i idretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- har innsikt i tema sjølvoppfatning og fysisk aktivitet
- har grunnleggjande kunnskap om psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper
- har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
- har kunnskap om idrettsskadar
- har kunnskap m grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
- har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
- har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane
Studenten:
- kan sjå på idretten i samfunnet frå eit større samfunnsperspektiv
- kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppslig læring
- har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
- forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle
- har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass.
- kan bruke digitale verktøy i orienteringa både i terrenget og i undervisninga
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca. år 1000 og fram til i dag
- kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen
- kan reflektere over idretten sin plass i samfunnet
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til organisert idrett, kroppsøving og kroppsleg læring
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og i den organiserte idretten
- kan tilrettelegge for eit variert og stimulerande rørslemiljø i skule og innan idretten
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar og trenar
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil foregå i sal, ute, på treningssenter, på styrkerom, testlaboratorium og eigna områder i nærområdet. Kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Idrett og samfunn
Kurs 2: Treningslære
Kurs 3: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 4: Orientering
Kurs 5: Leik og idrettsaktivitetar
Kurs 6: Friidrett
Kurs 7: Praktisk treningslære
Kurs 8: Turn og generell koordinasjon
Kurs 9: Kystfriluftsliv
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.
Krav om 100% deltaking i kurs 9.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1000 ord
To godkjente praktisk metodisk oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4, 5, 6 og 8
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
400 kr
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 20-15 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Kurs 1: Idrett og samfunn | ||
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Kurs 2: Treningslære | ||
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Kurs 3: Bevegelseslære | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 3 Dagar | Stått eller ikkje stått | Kurs 9: Kystfriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. |