Semestre

GL1-7KR1 Kroppsøving 1

Emnekode: 
GL1-7KR1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving i ulike rørslemiljø, tilretteleggjing for leik og begynneropplæring i idrett, orientering, friidrett, turn, generell koordinasjon og  kystfriluftsliv står sentralt. Pedagogikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Stduenten:

  • har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett 

  • har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete 

  • har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 

  • har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat 

  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 

  • har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr 

  • har kunnskap om idrettsskadar og doping 

  • har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding 

  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar 

  • har kunnskap om grunnleggjande ergonomi  

  • har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett 

  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk 

  • har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane 

  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

 

Ferdigheiter

 Studenten: 

  • har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett 

  • har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete 

  • har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 

  • har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat 

  • kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 

  • kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett 

  • forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle 

  • har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp 

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 

  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk 

  • har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap og refleksjon knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane 

  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

 

Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning 

  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving og organisert idrett og kroppsleg læring 

  • kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfriluftsliv, turn, generell koordinasjon og praktisk treningslære

  • kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne 

  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og i den organiserte idretten 

  • kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære 

  • kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter 

  • kan tilrettelegge for eit variert og stimulerande rørslemiljø i skule og innan idretten 

  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 

  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar og trenar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid.Praktisk undervisning vil foregå i sal, ute, på treningssenter, på styrkerom, testlaboratorium og eigna områder i nærområdet. Kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.   

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Pedagogikk og samfunn 

Kurs 2: Treningslære 

Kurs 3: Bevegelseslære 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:

Kurs 4: Orientering 

Kurs 5: Leik og idrettsaktivitetar 

Kurs 6: Friidrett 

Kurs 7: Praktisk treningslære 

Kurs 8: Turn og generell koordinasjon 

Kurs 9: Kystfriluftsliv 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.

Krav om 100 % deltaking i kurs 9. 

Arbeidskrav:

  • Seminarpresentasjon i grupper med respons i kurs 1 

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 1500-2000 ord 

  • Skuleovertaking. Eit samarbeid med praksisfeltet. Førebuing, gjennomføring og evaluering av skuleovertaking (16.11.2018). Godkjent refleksjonsnotat på ca. 400 ord 
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs  

  • Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4, 5, 6 og 8

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

400 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kurs 1: Pedagogikk og samfunn
Digital eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Kurs 2: Treningslære
Digital eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Kurs 3: Bevegelseslære
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
3 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 9: Kystfriluftsliv.
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.
Godkjent av: 
Aud Folkestad