Semestre
GL1-7KROP1 Kroppsøving 1
Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving i ulike rørslemiljø, tilretteleggjing for leik og begynneropplæring i idrett, symjing, dans og friluftsliv står sentralt. Pedagogikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studie skal studentane ha kunnskap om:
- kroppsøvingsfaget sin eigenart
- kroppsøvingsfaget si utvikling og historie vurdering og dokumentasjon i lys av kroppsøvingsfaget sin eigenart
- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge- allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- grunnleggjande ergonomi
- barn og unge med utgangspunkt i teoriar om fysisk og motorisk utvikling, betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- ha kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- ha fagleg og didaktisk kunnskap til å gjere avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 1-7
- ha kunnskap om leik, idrett, symjing og friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer i barn sin oppvekst
- ha kunnskap om korleis kroppsøving kan bidra til utvikling av dei grunnleggjande dugleikane; uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy i begynneropplæringa, og korleis det frå faget sin eigenart er naturleg å inkludere desse
- ha kunnskap om motorisk læring og betydinga av dette i barn si utvikling
- ha kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- ha forståing for kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekultur
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha ferdigheiter i:
- vise ferdigheiter knytt til det å planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
- leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing, friluftsliv, og tidsaktuelle rørsleformer som er aktuelle for trinn 1-7
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
- å ferdast i kystnære strøk
- identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
- å ta seg fram og legge til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for barn og unge
- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:
- å vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studentane må rekne med fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 5).
Emnet er samansett av følgjande kurs:
Teoretiske kurs:
Kurs 1. Leik og sansemotorikk
- Leik og leikemiljø som stimulerande og variert moglegheit for livsutfalding, meistring og sosialt samvær.
- Observasjon og analyse av born i leik
- Allsidig og grunnleggande rørsleerfaring sin betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit
- Grunnleggande rørsler sin betyding for born og unge si deltaking i leik, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- Grunnleggande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
Kurs 2. Bevegelseslære 1
- Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- Ergonomi
Kurs 3. Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv.
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing.
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge.
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv.
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet.
Praktiske kurs med didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 4-9.
Kurs 4. Stup, turn og grunnleggjande koordinasjon.
- Stup: Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn
- Turn: Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal
- Generell koordinasjon: Utvikling av generelle koordinative eigenskapar
Kurs 5. Kystfriluftsliv.
- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting.
Kurs 6. Symjing og livberging
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst
- Rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve
Kurs 7. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø
Kurs 8 Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar
Kurs 9. Leik og idrettsaktivitetar
- Kreativ læring
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Grunnleggande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge
Frammøtekrav:
Kurs 2, 6, 7, 8 og 9: krav om 80 prosent frammøte/deltaking
Kurs 4: krav om 80 prosent frammøte/deltaking totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs
Kurs 5: Kystfriluftsliv: krav om 100 % aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav:
- Forskings- og utviklingarbeid (kurs 3) individuelt/grupper. Retningslinjer og krav vil gå fram av kursplan. Obligatorisk rettleiing knytt til prosjektet. Omfang på oppgåva: ca. 5000 ord. Munnleg presentasjon av oppgåva gruppevis/individuelt.
- Observasjon av ulike rørslemiljø og skriftleg innlevering i grupper i kurs 1, Leik og sansemotorikk.
- Vist innsats og eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver.
- Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i dei praktiske kursa.
- Godkjent livbergingsprøve i basseng.
- To godkjente praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer vert lagt fram ved studiestart.
- Planlegging, gjennomføring og observasjon av leik og fysisk aktivitet med barn i sal (kurs 1).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Materialavgift: 400kr
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 1, 5, 7 og 8.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 3 Dagar | Stått eller ikkje stått | ||||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Kurs 1: Leik og sansemotorikk. | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Kurs 2: Bevegelseslære 1. | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Kurs 3: Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett. |
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.