Semestre
GL1-7NOR1A Norsk 1A
Ingen
I norsk 1 står begynnaropplæring i lesing og skriving sentralt, men også vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene til elevar til og med sjuande klasse. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. På norsk 1 emne A skal studentane få ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne og omgrep knytt til språk og litteratur, lesing, skriving og munnleg. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om og forståing av læreplanar.Fokusområdet på emne A er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget.
-
Studenten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid.
- har kunnskap om lese- og skrivestrategiar og korleis ein kan leggje til rette for lesestimulering
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulens norskfag
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn på mellomsteget og grunngi faglege val
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket og bruke retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege tekstar
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
- Eitt skriftleg arbeidskrav. Individuelt arbeid. Omfang: Ca. 2000 ord.
- Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
- Eitt munnleg arbeidskrav knytt til eit fagleg tema.
Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Målform: Bokmål | Læreplanverk og ordliste. |