Semestre
GL1-7NOR1A Norsk 1A
Ingen
I norsk 1 står begynnaropplæring i lesing og skriving sentralt, men også vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene til elevar til og med sjuande klasse. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. På norsk 1 emne A skal studentane få ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne og omgrep knytt til språk og litteratur, lesing, skriving og munnleg. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om og forståing av læreplanar. Fokusområdet på emne A er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om lese- og skrivestrategiar og korleis ein kan leggje til rette for lesestimulering
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulens norskfag
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn på mellomsteget og grunngi faglege val
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket og bruke retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege tekstar
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa
Kandidaten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
Arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav. Individuelt arbeid. Omfang: Ca. 2000 ord.
- Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
- Eitt munnleg arbeidskrav knytt til eit fagleg tema.
Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Frammøte: Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning for 1-7 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Målform: Bokmål | Læreplanverk og ordliste. |