Semestre
GL5-10MAT2B2 Matematikk 2B
GL5-10MAT1A og GL5-10MAT1B eller tilsvarande.
Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet GL5-10MAT2B2 er det fjerde matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det tredje studieåret av dei som har valt matematikk. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom annageometri, talteori og matematisk analyse.
-
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike
matematiske bevis- og
argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes
innan geometri, algebra, analyse og talteori - har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og
kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10 har kunnskap om den matematiske
oppdagingsprosessen og om korleisein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Studenten
- kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå
samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen - kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag
for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring - kan bruke varierte undervisningsformer forankra i
teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og
aktivitetar.
-
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan mellom anna inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon og undervising/forelesing. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfestaaktivitetane.
Tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |