Semestre

GL5-10MAT2B2 Matematikk 2B

Emnekode: 
GL5-10MAT2B2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
GL5-10MAT1A Matematikk 1A
GL5-10MAT1B Matematikk 1B
Om emnet

Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet GL5-10MAT2B2 er det fjerde matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det tredje studieåret av dei som har valt matematikk. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og matematisk analyse.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og
    argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes
    innan geometri, trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse
  • har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere desse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan mellom anna inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon og undervising/forelesing. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga i emnet.

Arbeidskrav:

Tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Eivind Patrick Hanevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
GeoGebra, kalkulator, eitt handskrive A4-ark med eigne notat og formelsamling som vert delt ut i lag med eksamensoppgåva.
Godkjent av: 
Anne Øie