Semestre
GL5-10RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1
Ingen
KRLE 1 gir historisk og aktuell kunnskap om kristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. KRLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i
alle emna, og slik gir KRLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot KRLE-undervisning på 5.-10.årssteg.
KRLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.
Delar
Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn
Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.
Del 2 Kristendom
Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.
Del 3 Filosofi og etikk
Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.
Del 4 Fagdidaktikk
Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om KRLE-fagets eigenart og
historie. Del 4 gir òg kunnskap om og ferdigheiter i eit variert spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 5.-10 årssteg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg
vekt på kristendommen og norske forhold - har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for unge
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på i eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse for undervisninga i KRLE
- har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget i høve til dei aktuelle trinna
- har kunnskap om barns og unges gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
- har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn og unge
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei
fleirkulturelle utfordringane - kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med unge om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar kan bruke sentrale arbeidsmåtar med vekt på dialog, utforsking, samanlikning og kritisk og
analytisk arbeid i undervisning og læring - kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til
elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn - kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive
og engasjerande arbeidsmåtar - kan reflektere kritisk over innhaldet i faget og over verdimålsettingane for faget og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Studenten
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga kan og bli digitalt overført til eller frå andre høgskular.Det er obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Frå 17. til 21. oktober 2016 tilbyr vi studietur til London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus som f. eks moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner. Det inkluderer flyreise Vigra -London tur-retur, overnatting og kursavgift.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Digital eksamen. | Om lag 4000 ord | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Munnleg prøve kan gjelde heile pensum |