Semestre

GL5-10RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1

Emnekode: 
GL5-10RLE1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

KRLE 1 gir historisk og aktuell kunnskap om kristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. KRLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i
alle emna, og slik gir KRLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot KRLE-undervisning på 5.-10.årssteg.  

KRLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.

Delar

Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn

Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.

Del 2 Kristendom

Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.

Del 3 Filosofi og etikk

Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.

Del 4 Fagdidaktikk

Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om KRLE-fagets eigenart og
historie. Del 4 gir òg  kunnskap om og ferdigheiter i  eit variert spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 5.-10 årssteg.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg
    vekt på kristendommen og norske forhold
  • har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for unge
  • har kunnskap om religionshistorie med vekt på i eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
  • har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
  • har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
  • har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk
  • har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
  • har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
  • har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse for undervisninga i KRLE
  • har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
  • har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
  • har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget i høve til dei aktuelle trinna
  • har kunnskap om barns og unges gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
  • har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn og unge
  • har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei
    fleirkulturelle utfordringane
  • kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
  • kan samtale med unge om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar kan bruke sentrale arbeidsmåtar med vekt på dialog, utforsking, samanlikning og kritisk og
    analytisk arbeid i undervisning og læring
  • kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til
    elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
  • kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive
    og engasjerande arbeidsmåtar
  • kan reflektere kritisk over innhaldet i faget og over verdimålsettingane for faget og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
  • kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Generell kompetanse

Studenten

  • har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
  • kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
  • har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga kan og bli digitalt overført til eller frå andre høgskular.Det er obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Vi arrangerer studietur til London i veke 42. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus som f. eks moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner, inkludert flyreise, overnatting på tomannsrom og kursavgift.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
- ha delteke på studietur til London. Erstatningsarbeid for dei som ikkje har høve til å vere med

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen.
Om lag 4000 ord
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Munnleg prøve kan gjelde heile pensum
Godkjent av: 
Anne Øie