Semestre

GOV121 Innføring i forvaltings- og miljørett

Emnekode: 
GOV121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
GOV101 Politikk, makt og juss
Om emnet

I arbeidet med offentlege og privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Emnet gir ei innføring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og naturressurs- og miljørett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kjennskap til rettsreglane for klage over forvaltningsvedtak
  • kan gjere greie for dei miljørettslege prinsippa i arealforvaltninga
  • har kjennskap til juridisk metode
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • gjere greie for relevante rettsreglar som blir brukt i forvaltninga
  • framstille innhaldet i sentrale rettsreglar for andre
Generell kompetanse

Studenten skal gjenkjenne og ta stilling til sentrale rettsspørsmål ved bruk av juridisk metode.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er sett saman av førelesingar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

To arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret. Arbeidskrava skal løysast individuelt.

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Ingvild Sande Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
-
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
To arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen saman med ein presentasjonstekst.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
IPA209 Juridiske emne
100%
10 stp.