Semesters
GOV121 Innføring i forvaltings- og miljørett
I arbeidet med offentlege og privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Emnet gir ei innføring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og naturressurs- og miljørett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til rettsreglane for klage over forvaltningsvedtak
- kan gjere greie for dei miljørettslege prinsippa i arealforvaltninga
- har kjennskap til juridisk metode
Studenten kan:
- gjere greie for relevante rettsreglar som blir brukt i forvaltninga
- framstille innhaldet i sentrale rettsreglar for andre
Studenten skal gjenkjenne og ta stilling til sentrale rettsspørsmål ved bruk av juridisk metode.
Undervisninga er sett saman av førelesingar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer.
Arbeidskrav:
To arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret. Arbeidskrava skal løysast individuelt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | - | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | To arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen saman med ein presentasjonstekst. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
IPA209 Juridiske emne | 100% | 10 stp. |