Semestre

HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar

Emnekode: 
HFSOS101
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Health studies for Social workers
Emnenavn på bokmål: 
Helsefag for sosialarbeidere
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande omsorg og pleie og dei skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse innan tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.

Emnet består av sju tema:

A:  Medisin­faglege emne 20 stp.

  • Anatomi/fysiologi
  • Sjukdomslære/funksjonssvikt
  • Farmakologi/legemiddelhandtering
  • Førebyggande helsearbeid

 

B: Helse og omsorg 10 stp

  • Grunnleggande omsorg/pleie
  • Sentrale lover og organisering
  • Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: ha kjennskap til menneskekroppen sin oppbygging, utvikling og funksjon

A-2: ha kjennskap til behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt

A-3: ha innsikt i grunnleggande farmakologi og medikamentell behandling

A-4: ha forståelse for betydninga av førebyggande og helsefremmande tiltak

B-1: kunne vurdere brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie

B-2: gjere greie for korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid

B-3: kunne reflektere over korleis ulike perspektiv og profesjonar kan utfylle kvarandre i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: kunne kjenne igjen menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet

A-2: kunne observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt

A-3: kunne enkel legemiddelrekning og dele ut ferdig istandgjort legemiddel på forsvarleg måte

A-4: kunne planlegge, legge til rette for og rettleie i helsevenlege val

B-1: kunne rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov for pleie og omsorg

B-2: kunne handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter

B-3: kunne initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: kunne reflektere over korleis helsefagleg kunnskap kan påvirke sosialfagleg arbeid

A-2: kunne identifisere helseutfordringar og samhandle med brukar, pårørande i sårbare situasjonar. Kunne gi informasjon og opplæring tilpassa den einskilde

A-3: kunne vurdere og dokumentere forsvarligheit i eigen handtering av legemiddel

A-4: vere bevisst førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå

B-1: ha styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte

B-2: kunne legge til rette for  autonomi og brukermedverknad

B-3: kunne vurdere eigen kompetanse og forsvarligheit i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Nettbasert studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). 
  • Studentane jobbar nettbasert mellom samlingane.
  • Fem dagar obligatorisk praksis.
  • Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen.  
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Det er fire obligatoriske arbeidskrav: 

  • Gruppearbeid
  • Skriftleg innlevering i samband med praksis
  • Test i legemiddelhandtering
  • Individuelt skriftleg arbeid

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.

Det er obligatorisk frammøte på samlingane og praksis (dvs. krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Ellen Andenes
Jan Einar Flø
Studieavgift

Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
4000 ord
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19