Semestre
HI100 Historisk innføringsemne
Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag, der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt.
Emnet er delt i to delar, ein teoridel og ein oppgåvedel. I oppgåvedelen skal studenten skrive ei fordjupingsoppgåve innanfor eit avgrensa fagområde som instituttet gjev undervisning og rettleiing i. Dette fagområdet kan vere eit tema frå norsk og/eller internasjonal historie, eller oppgåvedelen kan ta utgangspunkt i eit avgrensa kjeldemateriale som studenten skal arbeide sjølvstendig med og basere oppgåva si på.
Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I samråd med rettleiar skal studenten finne fram til ca. 500 sider relevant støttelitteratur for fordjupingsoppgåva. Denne litteraturen vil utgjere pensum i oppgåvedelen av emnet.
Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i sentrale metodar, teoriar og arbeidsmåtar i historiefaget, med vekt på kjeldebruk og kjeldekritikk. Det vert også gjeve innføring i nokre kulturhistoriske tema i tilknyting til antikken.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa fagområde i historiefaget
- kunnskapar om historisk metode og teori
- kunnskap om hovudtrekk i historiefaget si utvikling
- grunnleggjande kunnskap om nokre kulturhistoriske tema i antikken
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
- analysere sakskompleks i eit avgrensa område i historiefaget ved bruk av relevant historisk metode
- plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar
- formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f.eks. gjennom digitale medium
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei historisk utvikling
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Emnet er organisert slik at studentane får undervisning og rettleiing i aktuelle fagområde for oppgåvedelen, i tillegg til undervisning i teoridelen av emnet.
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet om desse teknikkane ved semesterstart.
Studentane skal gjennomføre følgjende arbeidskrav:
Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp.)
- Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Levere eit utkast til fordjupingsoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal minst ha eit omfang på omlag 2500-3000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Godkjenning av arbeidskravet er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Levere ei pensumliste med ca. 500 sider støttelitteratur til fordjupingsoppgåva.
- Levere eit tilnærma ferdig utkast til fordjupingsoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på omlag 3000-5000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)
- Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan oppfylle frammøtekravet, kan få dispensasjon frå kravet mot å levere eit skriftleg arbeid innanfor eit oppgjeve tema, etter plan og instruks frå instituttet. Liksom under punkta ovanfor skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.
Detaljane i arbeidskrava - nærare forklaring, formkrav og framdriftsplan – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - årsstudium
- Historie - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde den ferdige fordjupingsoppgåva og presentasjonen av tema fra teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk i Inspera. Informasjon om gjennomføring av eksamen vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt | Fordjupingsoppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for fordjupingsoppgåva, pensumlitteratur som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt |