Semestre
HI100 Historisk innføringsemne
Ingen
Emnet skal gje studentane ei innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom historiefaget og samfunnet.
Emnet er delt i to delar, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 stp. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studenten høve til å fordjupe seg i eitt (område) tema i norsk og / eller internasjonal historie ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla temaoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for temaoppgåva og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til det.
Instituttet gjev kvart år rettleiing knytt til minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I tillegg til ca. 200 s pensum som er felles for alle studentane som skriv oppgåve innanfor same temaområde, skal studenten i samråd med rettleiar finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for temaoppgåva.
Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i historiefaget sin plass som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Teoridelen skal kombinerast med ein studietur til Roma. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste. Det blir gjeve førelesingar i emnet, nokre i Volda, nokre i Roma. På studieturen til Roma blir det i tillegg arrangert ekskursjonar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
- kunnskapar om historisk metode og teori
- kunnskap om hovudtrekk i historiefaget si utvikling sidan antikken
- grunnleggjande kunnskap om romersk historie og nokre kulturhistoriske tema i antikken
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
- analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
- plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar
- formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f. eks. gjennom digitale medium slik som blogg
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei historisk utvikling
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Emnet er organisert med tre arbeidsperiodar:
a) Frå semesterstart ein innføringsperiode knytt til oppgåvedelen av emnet, der det blir gjeve førelesningar og halde seminar på kvart av dei aktuelle temaområda. I desse blir det gjeve ei heilt grunnleggjande innføring i temaet, inkludert kjelde- og litteratursituasjonen. Vidare kan det bli arrangert studentstyrde seminar, der utkast til forskjellige element/stadium av den ferdige oppgåva skal leggjast fram for medstudentar til kommentar.
b) Undervisning i teoridelen av emnet. Undervisninga vert følgt opp med ein studietur til Roma på ei veke, der det vert lagt inn ekskursjonar og førelesingar. Dersom det ikkje melder seg nok studentar til studieturen innan den oppgjevne fristen, blir det i staden gjeve utfyllande undervisning på campus.
All undervisning er basert på at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumet og såleis førebur seg på dei problemstillingar som vert tekne opp.
c) Framhald av oppgåvedelen og ferdiggjering av oppgåva.
All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det vert lagt ut rettleiingar på nettet.
Følgjande arbeidskrav skal studentane gjennomføre:
Oppgåvedelen (10 stp.)
- Skrive utkast til temautgreiing og problemstilling med kjelde- og litteraturliste for oppgåvedelen av emnet. Utkastet skal godkjennast av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Skrive ut hovuddelen av temaoppgåva og legge henne fram for medstudentar til kommentering. Utkastet skal minst ha eit omfang på 2000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til temautgreiing, problemstilling og hovuddel av oppgåva frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang på 200 – 400 ord.
- Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Teroridelen (5 stp.)
- Levere eit skriftleg grunnlag for, og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
- Heimeprøve i teoridelen av emnet.
Både i oppgåve- og teoridelen er det obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under punkta ovanfor skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.
Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Historie - årsstudium
- Historie - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og det skriftlege grunnlaget for presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | Alle | Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord. |