Semestre

HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536

Emnekode: 
HI111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 300 to ca 1536
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Dei skal forstå korleis den føydale samfunnsordninga voks fram og endra seg fram til 1500-talet, og vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferirelasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 400 (norsk frå ca 800) til ca 1600 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan presentere eit fagstoff munnleg etter førebuing
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige vesjon skal ha eit omfang på minst 2500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalde korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Dag
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under arbeidskrav.
Oppgåva skal leverast elektronisk i Fronter.
3000 - 3500 ord
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Digital eksamen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.04.2016