Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536
Ingen.
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå seinantikken i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Studentane skal utvikle forståing av sentrale endringsprosessar i perioden innanfor tema som folketalsutvikling, økonomi, sosiale forhold, politikk og religion. Dei skal òg vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv. Emnet gjev også innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverknaden sette inn med full tyngd.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 300 (norsk frå ca. 800) til midten av 1500-talet, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
- formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved HVO at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Dersom ein student etter søknad får innvilga dispensasjon til å delta på emnet heilt eller delvis via strøyming, eller heile eller delar av undervisninga i emnet blir strøyma til heile studentgruppa, skal slik deltaking skje med fullt namn og kamera og lyd slått på. Dette blir gjort for at studentane skal få tilstrekkeleg utbyte av dialogbasert undervisning og studentaktive læringsformer, og for å bidra til å oppnå ferdigheitsmåla om å kunne:
- formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav for å kunne framstille seg til eksamen:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2 500 ord i tekstbehandling, og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen (oppgåva) må gjennomførast i same semester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Historie - årsstudium
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Alle | 3000 - 3500 ord | |
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS101N | 2 |
Oppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.