Semestre

HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie

Emnekode: 
HI204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Local and regional history
Emnenavn på bokmål: 
Lokal- og regionalhistorie
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og/eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan vurderast etter søknad.

Om emnet

Lokalhistorie er både eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn, og vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er òg ei stor folkerørsle; det er historie-/ sogelag (tilsv.) over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis forskingsfelt ved alle høgskular og universitet; det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk – også fordi feltet kan definerast vidt; eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk o.l. til ein region. Det kan òg vere ein by eller bydel, eller ein person, ein organisasjon, ei bedrift o.a.. Det er òg mange studietilbod som kan reknast inn under ein lokalhistorisk paraply, sjølv namna kanskje ikkje syner det.Emnet gir studentane ei innføring i dette lokal- og familiehistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg, og eit oversyn over den såkalla nyare kulturhistoria i form av det internasjonale fagområdet mikrohistorie. Emnet er todelt, der ein pensumdel gjev innføring i metodar og teoriar og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.

Læringsutbytte

Kjem.

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten– har gode kunnskapar om lokal-, region- og byhistorie som forskingsfelt– har gode kunnskapar om generell metode innan desse fagfelta– har grunnleggjande kunnskapar om familie- og slektshistoriske metodar– har grunnleggjande kunnskapar om mikrohistoriske problemstillingar og kjelde- og arkivarbeid.

Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten– kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller familiehistorisk problemstilling– kan granske lokal- og familiehistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale– kan skrive ei lokalhistorisk fagtekst av eit omfang på 8–15 sider på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer– kan drøfte lokal- og familiehistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar– kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Generell kompetanse

Ingen.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gjeve forelesingar i emnet dersom det melder seg 8 lokalstudentar. Emnet kan takast som nettstøtta studium.Alle studentar som tek emnet, kan bli fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Studenten skal ta kontakt med fagansvarleg med tankar om tema for den sjølvvalde oppgåva.
  • Førebels problemstilling, disposisjon og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på.
  • Utkast til sjølvstendig oppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Utkastet skal ha eit omfang av minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift.
  • Skriftlege kommentarar (responsar) til utkast til sjølvstendig oppgåve frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 1000-1700 ord med lineavstand 1,5 og ei 12 pkt skrift.
  • Ei individuell pensumprøve i samsvar med nærare oppsett instruks.
  • Refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 400-600 ord med linefråstand 1,5 og ei 12 pkt skrift.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
35
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium
  • Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Eksamensoppgåva er endeleg versjon av den sjølvvalde oppgåva, sjå under Arbeidskrav.
Minst 3000 ord, men ikkje over 5500 ord.
Heimeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40