Semestre
HPE205 Profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarutdannarar
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
- Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Kurset vil ha fokus på kva PfDK er, på forsking på læring og læringsleiing i teknologirike klasserom og kva digitale ressursar og appar som er mest i bruk i praksisfeltet rundt oss (til dømes Google Classroom og Google Suite som læringsarena for mange 4.-10.trinn og for Ipad-klasser og skular: Showbie, samt app-ane Book Creator, Explain Everything og Ithink). Praksis-appen MOSO vil også vere tema. Kurset blir eit diskusjons- og utviklingsforum for læringsopplegg og bruk av ressursar i GLU/MAGLU.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter gjennomført emnet skal studenten:
- Ha kunnskap om rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse og korleis legge til rette for at studentar utviklar profesjonsfagleg digital kompetanse
Kjenne til aktuelle forsking knytt til læring og læringsleiing i teknologirike klasserom
Kjenne til aktuelle digitale verktøy og ressursar brukt i praksisfeltet og på sitt fagfelt
Etter gjennomført emne skal studenten:
Kunne velje, grunngi, modellere og videreutvikle læringsaktivitetar med bruk av digitale ressursar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i sitt fag
Kunne planlegge og bidra til faglig og pedagogisk utvikling og nyskaping med digitale verktøy og ressursar i sitt fagmiljø
Kunne rettleie studentar og kollegaer i bruk av fagspesifikke digitale ressursar
Etter gjennomført emne skal studenten:
Kunne ta i bruk rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse til å velje, grunngi og vidareutvikle undervisning og emneplanar i eigne fag
Studiet er lagt opp med førelesingar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale ressursar brukt i praksisfeltet til GLU. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.
Fellessamlingane er totalt fire dagar fordelt på todagssamlingar og ettermiddagar kl.13-16 lagt til ulike vekedagar. Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med oppgåver knytte til eige arbeid.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.
Arbeidskrav:
1. Mindre arbeidskrav knytt til kartlegging og bruk av digitale ressursar i praksisfeltet
2. Utkast til utviklingsplan i PfDK i sitt fag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått |
- Grunngjeving av profesjonsfaglege digitale kompetanse-val i utviklingsplanen