Semestre
HPE205 Profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarutdannarar
Grunnbok:
Wølner, T.A., Kverndokken, K., Moe, M. og Siljan, H.H. (2019) 101 digitale grep - en didaktikk for profesjonsfaglig digital kompetanse. Bergen: Fagbokforlaget, s. 17-79 og 148-381
I tillegg kjem ulike digitale ressursar i Canvas
Ingen.
Studiet er for fagleg tilsette ved HVO
- Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
- Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Emnet tek utgangspunkt i rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse slik det er spesifisert i læringsmodular for studentane på MAGLU ved HVO. Studentane vil gjennom teoretisk innføring og gjennomføringa av desse modulane, samt praktiske verkstadar, reflektere over bruk og vidareutvikling av PfDK i eigne fag og undervising. Emnet vil ha fokus på kva PfDK er, på forsking på læring og læringsleiing i teknologirike klasserom og på kva digitale ressursar som er mest i bruk i praksisfeltet rundt oss. Emnet blir eit diskusjons- og utviklingsforum for læringsopplegg og bruk av digitale ressursar i lærarutdanningane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter gjennomført emnet skal studenten:
- Ha kunnskap om rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse og korleis legge til rette for at studentar utviklar profesjonsfagleg digital kompetanse i sine fag, ut over gjennomføring av PfDK-læringsmodulane.
Kjenne til aktuelle forsking knytt til læring og læringsleiing i teknologirike klasserom
Kjenne til aktuelle digitale verktøy og ressursar brukt i praksisfeltet og på sitt fagfelt
Etter gjennomført emne skal studenten:
Kunne velje, grunngi, modellere og videreutvikle læringsaktivitetar med bruk av digitale ressursar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i sitt fag ut over gjennomføring av PfDK-læringsmodulane.
- Læraren sin profesjonsfaglege digitale identitet
- Barn og unges mediekultur og motivasjon for læring
- Klasseleiing, differensiering og vurdering i teknologirike klasserom
- Lærarprofesjonalitet, digital danning og innovasjon
- Digital profesjonell utvikling og endringskompetanse
Kunne planlegge og bidra til faglig og pedagogisk utvikling og nyskaping med digitale verktøy og ressursar i sitt fagmiljø
Kunne rettleie studentar og kollegaer i bruk av fagspesifikke digitale ressursar
Etter gjennomført emne skal studenten:
Kunne ta i bruk rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse til å velje, grunngi og vidareutvikle undervising og emneplanar i eigne fag
Studiet er lagt opp med nettleksjonar, samlingar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale ressursar brukt i praksisfeltet til lærarutdanningane. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.
Fellessamlingane er totalt fire dagar fordelt på ettermiddagar kl.13-16 lagt til ulike vekedagar. Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med PfDK-modular og Læringsverkstadkurs
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.
Arbeidskrav:
1. Gjennomføring av PfDK-læringsmodular for lærarstudentar i MAGLU
2. Refleksjon over korleis kvar læringsmodul kan vidareutviklast i eige fag og undervising og med kva digitale ressursar
3. Gjennomføring av 10 verkstadkurs i Læringsverkstaden, 2 sjølvvalde, 8 obligatoriske:
- Interaktive tavler og casting
- Samarbeid med Google Suite
- Digital forteljing
- Læringsfilm
- Omvendt undervising
- Adaptiv læring
- Gamification
- Val mellom: AR/VR - Algoritmisk tenking og programmering - Sensorbruk og datalogging
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått |
2. Grunngiven vidareutvikling av undervisingsopplegg basert på refleksjon over vidare bruk av PfDK-læringsmodular og digitale ressursar i eiga undervising.