Semestre

IDK155N Digital skulehage og uteskule

Emnekode: 
IDK155N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Ein skulehage eller naturen i nærområdet er ein fantastisk læringsarena. I dette emnet ynskjer vi å etablere eit tilbod der lærarar kan få undre seg, leike og utforske med lyd og bilete, skape med elektriske kretsar, måle og eksperimentere med sensorar og mikrokontrallar, eller bygge robotar og enkle maskinar saman med elevane sine. Å jobbe digitalt ute gir også en inngang til å jobbe med bærekraft på en framtidsretta måte, og adressere aktuelle tema som teknologi i landbruket, fornybar energi og naturmangfold.

Målgruppa er lærarar i grunnskulen og andre som har ønske om å utvikle sin undervisning og få ny inspirasjon. Emnet passer til lærarar i ein rekke fag, men er spesielt relevant for naturfag, kunst & handverk og matematikk på barnetrinnet. Emnet vil gi kompetanse i å jobbe tverrfagleg og bruke eit bredt utval digitale verktøy fo r å få kreativ, elevaktiv og framtidsretta undervisning.

Ein treng ingen forkunnskapar om programmering eller teknikk. Vi legger opp til LIST-oppgaverlav inngangsterskel og høy takhøyde, og algoritmisk tenking som metode. Studiet har tett fagleg oppfølging, og vi oppfordrar til samarbeid og deling. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne

  • vise grunnleggjande kunnskap om tradisjonane for skulehage og uteskule i Noreg, og diskutere den didaktiske tenkinga bak desse undervisningsformene.
  • drøfte algoritmisk tenking som metode i uteskule eller skulehage.
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • utforske, teste og bruke digitale verktøy som lyd og bilde, enkle eletriske kretsar, programmering, mikrokontrollere, sensorar, automatikk eller robotar i elevaktiv undervisning i uteskule eller skulehage
  • bruke algoritmisk tenking som metode i eige arbeid og i undervisning.
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne 

  • planlegge og gjennomføre ei undervisningsøkt med uteskule eller skulehage, kor man tar i bruk digitale verktøy. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgavene vil samla vere på ca 1500 ord (+/- 10%). Desse oppgåvene utgjer og grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Studentane får tilbakemelding på arbeidskrav. Om eit arbeidskrav blir vurdert til «Ikkje godkjent» etter første levering, vil studenten få ny frist fo r levering av ein revidert versjon.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat.